Leige av huset

Prisar for ikkje-kommersielle aktørar, lag/organisasjonar m.v.

Kinosalen kr 2300,-
Festsalen kr 2300,-
Møtesalen kr 1500,-
Møterommet kr 1000,-
Møteromma i underetasjen (Stabben, Ytterøyane, Assistenten, Kvanhovden) kr 800,- pr stk.

Foajeen og Vestibylen pris etter avtale.

Prisane gjeld for leigefohold inntil 7,5 time. Rabattar ved leige over fleire dagar. Inkludert i leigeprisen er TV/video, flipover, tavle m/tusjar, overhead, reinhald,rigging og internett. PC/projektor kr 450.-, projektor i kinosal kr. 625,-

Ved inntektsbringande arrangement er leigeprisen sett til 12 % av billettinntektene.

Arrangement som strekk seg ut over ordinære opningstider på huset: kr 575.- pr påbegynte time.

Lag og organisasjonar som leiger rom på huset kan fritt servere mat og drikke og skal ha høve til å bruke kjøkken og dekketøy etter nærmare avtale med Bistro To Kokker , dersom dette ikkje er til praktisk hinder for kafédrifta. Andre konkurrerande bedrifter har ikkje høve til å levere mat på huset.

Flora Samfunnshus leiger også ut stolar/bord. Ta kontakt på tlf 57 75 60 50 for meir informasjon.

Prisar for kommersielle aktørar

Eigne prisar for kommersielle arrangement eller arrangement med inntektspotensiale. Ved inntektsbringande arrangement er leigeprisen sett til 12 % av billettinntektene. Kontakt oss for meir informasjon.

Avbestillingsgebyr

Avbestilling av lokale mindre enn ei veke før arrangement: full pris av leigesats. Avbestilling mindre enn fire veker før arrangement: halv pris av leigesats.

Billettsal

Flora Samfunnshus administrerer alt billettsal til arrangement i kinosalen, festsalen og møtesalen. Billettsalet skjer gjennom huset sitt elektroniske billettsystem, og med eit påslag på kr. 20,- pr billett . Kontakt oss for nærmare informasjon.

Billettsal på dagtid (måndag-fredag kl 9-15): Informasjon og service, Flora Samfunnshus tlf 57 75 60 00.
Billettluka (ved kveldsarrangement/kino): tlf 57 75 60 52, ½ time før kinoframsyningane og 1 time før andre arrangement.

Pakkeprisar

Vi tilbyr også pakkeprisar på mat og hus m.m. for bryllaup, større møte/konferansar o.l. i samarbeid med Bistro To Kokker, som driv kaféen på huset. Ta kontakt med Bistro To Kokker AS eller på tlf 57 74 07 97 for nærmare avtale.