Om huset

Flora Samfunnshus tilbyr varierte former for kulturelle opplevingar, alt under same tak.

Her finn du mellom anna kino-/teatersal amfi med 387 plassar, bibliotek, kafé, møterom og eit lite galleri. Flora Samfunnshus er Flora kommune si storstove, plassert midt i Florø sentrum. Huset blei opna i 1979, og har fleksible fasilitetar for dei fleste arrangement. Huset rommar og Flora kommune sitt Informasjon og service kontor, brannstasjon og kontor for ein del tekniske tenester. Bistro To Kokker AS driv kaféen på huset.

Flora kommunale kino har vore i samanhengande drift sidan 1922. I 2011 fekk vi installert digital filmframvisar. Kinoen sel 331 sete runna avstand til lerret. Vi har vanlegvis kveldsframsyning på onsdag, laurdag ettermiddag, fredag og søndag. Eigne framsyningar for ulike aldersgrupper/skular/barnehagar på dagtid.

Flora Samfunnshus er medlem i Norsk KulturhusNettverk.

Opningstider Flora Samfunnshus - kulturhusdelen

Måndag - fredag 8 - 20

Laurdag 11 - 14

Andre/utvida opningstider ved kino/arrangement. Om sommaren, i feriar og rundt høgtidsdagar har vi redusert opningstid.