Flora Folkebibliotek

Hovudbibliotek finn du på Samfunnshuset.

Flora folkebibliotek har også eit tilbod på nettet. I nettbiblioteket (Websøk) kan du søke i bokbasen og bestille, eller reservere bøker og andre media.

Vi låner gratis ut bøker, lydbøker, videoar, cd-plater med norskprodusert musikk, språkkurs.

Dersom det er bøker vi ikkje har, kan vi låne frå andre bibliotek. Biblioteket har også aviser og tidsskrift og internetttilgang for publikum.  Biblioteket har også trådlaust nett.

Sjølvbetent utlån:

Flora folkebibliotek har tatt i bruk sjølvbetent utlån. No kan du låne bøker/media sjølv. Skann lånekortet ditt og deretter bøkene. Hugs å ta med lånekortet!