Engelen fra Kobane - Sogn og Fjordane teater - Flora Samfunnshus

Engelen fra Kobane - Sogn og Fjordane teater

engelen fra Kobane

ENGELEN FRÅ KOBANE 

Engasjerande og hyperaktuelt om kor sårbart det er å vere ei
ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria. 

 

I 2014 dukka det opp bilde av ei ung, militærkledd, kurdisk
jente i sosiale medium. Ho heitte Rehana og var jusstudent.

Bildeteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar i dei harde kampane som
den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa i grensebyen Kobane.
Bilde av Rehana vart delte fleire tusen gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane».

Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ein
myte. Men alt har skjedd – og skjer framleis i verda i dag. Rehana vert stilt
overfor umenneskelege val i krigen som har skapt vår tids største humanitære
tragedie, der halve befolkninga er driven på flukt.

«Engelen frå Kobane» er skrive av den britiske dramatikaren
Henry Naylor og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen.

Stykket har vunne fleire prisar og fått strålande kritikkar.
Framsyninga er ein samproduksjon mellom Sogn og Fjordane

Teater og Hordaland Teater og hadde première på Hordaland Teater hausten 2018.

Terningkast 5 i BT og BA

Bergens Tidende: 
«Madalena Sousa Helly-Hansen levendegjør Engelen frå Kobane  på et svært menneskelig vis»

Bergensavisen: «Sterkt bilde av en enslig krigssjebne»

Periskop.no: «Engelen frå Kobane evner å tegne et svært
virkningsfullt portrett av Syria-krigens virkelighet med et minimum av
virkemidler. Det skjer nesten utelukkende gjennom skuespiller Madalena Sousa
Helly-Hansens kropp og stemme i rollen som Rehana, en ung kvinnelig soldat i
den kurdiske motstandsbevegelsen, People’s Protection Units (YPG).»

Dag og Tid: «Rått og sterkt», «Intenst og nærgåande om krigsgalskap»